overnatting
Rom i hovudhuset
I hovudhuset har vi 10 rom med til saman 21 senger. Alle romma har flislagde bad. Rom 8, 9 og 10 har badekar. Roma har enkel standard, men svært gode senger og flott utsikt i kvar sine himmelretningar. Dei fleste roma har skrivebord og ein stol. Rom 1 og 2 ligg i 1. etasje og er tilpassa rullestolbrukarar. Dei andre roma ligg i 3. etasje. Huset har ikkje heis, men om du vil, hjelper vi deg gjerne med bagasjen!
Ingen rom er like! Kva blir din favoritt?
Rom 5, 6, 7 og 8 vender mot nord og har utsikt til Norddalsfjorden. Frå Rom 9 får du flott utsikt over Storelva og Kyrkjefjellet. Rom 10 og 12 vender mot sør, mot Daurmålsfjellet og Torvløysa på 1851 moh. Rom 11 har takvindu med orkesterplass til stjernene i mørke og klare netter.  Vi har gratis wi-fi, men her mellom fjella har vi ikkje supergod tilgong. Vi anbefalar deg ikkje å rekne med høg hastigheit for opp- og nedlasting av tunge dokument.

 

Familieleilegheiter på Norddalstunet
240 meter frå hovudhuset ligg leilegheitene våre, rett ved elva og eit steinkast frå fjorden. Her har vi fem familieleilegheiter som alle er om lag 42 m2 store, samt eitt enkeltrom. Total kapasitet  er 21 vaksne. Her får du soverom med dobbeltseng, stove med dobbel sovesofa, stort bad, kjøkkenkrok og eigen terrasse. Alle kjøkkena har to kokeplater, medan to leilegheiter har steikeomn i tillegg.
Velje mellom full service eller sjølvcatering
Leilegheitene vart pussa opp i 2015, og er lyse og moderne. Standarden er enkel, men god, og tilpassa rullestolbrukarar. Du har tilgang til plenen rett på utsida av leilegheita, på deling sjølvsagt med dei andre fire. Kvar terasse har grill og utemøblar. Du kan velge å ta med sengetøy, handkle og lage maten sjølve, eller ha full service med alle måltid og sengetøy frå Petrines. På Norddalstunet ligg òg møterommet vårt.

 


Stil og atmosfære
Dersom dei som budde på Petrine Hvidts Minne då det var aldersheim hadde fått sjå korleis her no har vorte, ville dei nok ikkje tru sine eigne auge. Sett utanfrå er huset den same gamle, stolte bygninga, men komforten og atmosfæren innanfor dørene er noko heilt anna. Vi er glade i gjenbruk, og byttar, nyttar om att og reparerer helst før vi kjøper nytt. Men sengene har nye og gode madrassar, slik det må vere.
Frå aldersheim til gjestgiveri i 1999
Det var tekstilkunstnar Torunn Halseid Marø som var interiørkonsulent for oppussinga i 1999. Ho brukte Carl Larsson som inspirasjonskjelde. Romma har difor fått eit lyst og sommarleg preg, med måla panel, lyse bomullstekstilar og kvitskura furugolv. Kanskje er det barndommens gjesterom hjå bestemor du minnest når du bur hos oss ? På veggane finn du fotografi frå Norddal før og no.

 

Overn_camping
Relling camping
For deg som likar telt eller campingvogn på ferie, ligg Relling Camping like bak Petrines. Her finn du servicebygg med dusjar og toalett, tekjøkken og vaskemaskin. Resepsjonen for campingen er på Petrines, så kom innom oss før du finn deg plass. Campingen er ope frå påske til etter haustferien. Her er også høve til fast oppstillingsplass. Ta kontakt med Inge Relling på telefon 91 81 22 40.
Hytter og sel
Vi kan òg formidle overnatting i hytter eller sel (enkle seterhus), ta kontakt på telefon eller epost.

 

I perioden 1. juli – 20. august er det mange som tar turen til Norddal, så for å vere sikker på at vi har ei seng til deg og dine, slå på tråden først.