Om oss

Petrines Gjestgiveri er eit lite gjestgiveri i bygda Norddal i Fjord Kommune. Petrines har i dag 10 rom, kafe og restaurant.

Men kva er opprinninga til denne vakre bygninga?

Helene Petrine Hvidt
Helene Petrine var fødd i 1824 og var yngst av dei to døtrene til pastor Christian Fredrik Hvidt. Petrine vart aldri gift, men overtok fire gardsbruk på Rellingsida då faren døydde i 1869. I folketeljinga i 1865 er Petrine nemnd som “bestyrer Af husholdningen”, og historia fortel om ei myndig dame som dei andre kvinnene i bygda neidde for når dei møttest på Buda.

Storgarden på Relling
Petrine budde på garden «oppunder Hauen». I folketeljinga frå 1865 er det mellom anna registrert 19 storfe, 28 får, 19 geit og ein tenarstab på sju. Det syner at Petrine hadde ansvar for ein stor gard. Så var ho heller ikkje skvetten av seg, den ugifte prestedottera. Det seiest at ein gong brua over elva hadde reist i flaumen, gjekk ho over elva med stylter! Garden er den første du ser når du kjem inn i bygda.

Eit viktig testamente
I eit referat frå Herredstyret i Norddal, 13. mai 1913, sak 15, finn vi følgande  (…) det framgaar at hun har testamenteret en større del av sine Midler til Norddalens Herred sidt Depositum (…) Antydning i hvilke øiemed de helst skal benyttes saasom forbyggelse av Frostskade på Skuset og Løvold med flere gaarde eller ogsaa til Oppførelse av et Gamlehjem for Fattige.

Fuldførelse av gamlehjemmet
4. mars 1916 handsamar Herredstyret sak 3b: Fuldførelse av gamlehjemet: Man besluttede at henstille til Byggekomiteen (…) besørge Huset istandsatt (…). Styret bemyndiges til å gjøre de fornødne kjøp av forskjellige Ting (…) og desuten anta den fornødne Betjening og Bestyrer.

Frå sjukeheim via pub til gjestgiveri
I 1987 vart sjukeheimen lagt ned og dei eldre flytte inn i flunkande nye omsorgsbustadar ved fjorden. Eit par år sto huset tomt, men i 1992 vart bygget seld til ein gjeng framsynte bygdafolk som brukte nokre år på om omvandle ein tungdreven sjukeheim til moderne pub, og sidan trivelige rom for overnatting.

Eigarskap med hjarte
Petrines var eigd og dreve av mest heile bygda, men blei seld til Christine Olsvik og Ole Stavdal Vikenes i juletider 2019. Etter ein vinter med renovering og oppussing av både rom, restaurant og kafè, opna Petrines i ny drakt juni 2020.