Aktivitetar og opplevingar

Vi har ei rekke aktivitetar og opplevingar å by deg på! Nokre opplevingar er lagt til rette og har ein kostnad. Dei fleste av desse må du være ei gruppe på minst 10 personar for å tinge. Mange opplevingar får du heilt gratis berre du går over dørstokkmila og inn i naturen! Heller enn å måtte velje berre ei oppleving eller ein aktivitet, kan du bli lenge i bygda og få med deg ein heil del!

 


Gardsbesøk i Gjæra
Gardsbesøk med ølbrygging er ein av dei mest populære aktivitetane for grupper som gjestar Petrines. I trykkeverkstaden hjå Ingvild får du høyre den fascinerande historia om korleis kunsten å trykke på stoff kom til bygda. I bryggekjellaren får du lære meir om korleis øl vert brygga, og om tradisjonane knytte til det. Det vankar óg smaksprøver og spekemat for dei som tek turen hit.

 

Oppleving_tur
Turar for alle!

Vi har turtips for einkvar smak, anten du likar det bratt og langt, eller flatare og kort. Rellingsetra kan du nå med barnevogn på ein times tid frå parkeringa, eller du kan køyre heilt fram. På 15 minutt til fots når du det flotte utsiktspunktet på Litleskagen. Heregga, Torvløysa og andre flotte toppar krev heile dagen, stor matpakke og noko erfaring.

Guiding

Vi har ingen faste guidar, men spør du oss i god tid, hjelper vi deg å finne ein fjellvand, trivelig og kompetent kjentmann eller –kvinne som kan ta deg med. Vil du bruke Petrines som base for fleire dagar på tur sommar eller vinter, anbefaler vi deg å ta kontakt med Norgesguidene eller Oscar Almgren på Stranda. Spør oss gjerne om forslag til turprogram!

 


Sykkelturar og kajakkleige
Om du har MTB eller landevegssykkel kan du legge bak deg mil på mil på sykkel, med Norddal som utgangspunkt. Vi har ein enkel sykkelguide og mange turtips på lager! Ta kontakt for ruteforslag. På Buda kan du leige kajakk for eit par timar, eller korfor ikkje ta ein overnattingstur innover fjorden? Både sykkel og kajakk som aktivitet er eigna for både vaksne og born.
Kajakk1_akt

 

 
Fiske i fjorden

Med ei enkel stong har du god sjanse for fisk i fjorden, både frå land og båt. Torsk, sei, lyr -jamvel breiflabb er å få! Fisket frå land er best ved Notnaustet eller frå kaia ved Buda, men heile strandlinja duger. Vi har båt til utleige halv og heil dag eller ei veke. Du kan halde med bensin sjølve eller få det inkludert. For gjestane våre har vi fiskestenger til utlån! Fisken kan du grille i hagen eller få til middag om kvelden.

Fiske i vatn og elvar

Tek du med deg fiskestonga hit, finn du eit mylder av fjellvatn og elvestrekningar fulle av sprellande kræ [kre]. Tilbodet spenner frå lett tilgjengelege vatn og elvar, til dei som ligg ein dagsmarsj til fjells. Kart for ørretfiske får du hjå Norddal kommune. Her er tilgjengelege fiskekortområde og kvar ein får kjøpt kort avmerka. Laksefisket i Norddal er for tida stengt.

 


Besøk Dale kyrkje

Kyrkja vår er ei flott åttekanta kyrkje. I tillegg til vanlege kyrkjelege aktivitetar, er vi så heldige å få bruke kyrkja som konsertlokale. Om sommaren kan du vere heldig å treffe på ein av mini-konsertane som vert halde om lag ein gong i veka. Elles er kyrkja eit flott rom som er verdt eit besøk. Nøkkelen får du hjå oss på Petrines. Inngangen kostar kr 20,- per person, eller kr. 150 for grupper. 

Oppleving_kyrkja2

 

Besøk ei seter
Det er mange setrer i fjella rundt Norddal. Ei av dei er Rellingsetra som kan vitjast sommar som vinter. Rellingseterhytta er ei gamal tømmerstove som vart teken i bruk som skihytte på 1950-talet. Den gong var alpinistane frå Norddal mellom dei fremste i landet! Rellingsetra er eit glimrande utgangspunkt for turar, anten enkle og greie eller lange og krevjande.
Innsetsetra, Hatlestadsetra, Herdalsetra og Storvatnet

Herdalsetra når du med bil om lag halve året. Her kan du leige overnatting, gå turar i alle slags terreng, fiske og hilse på geitene. Innsetstra når du til fots nokså flatt frå Rellingsetra eller nokså bratt frå Innset hyttegrend. Storvatnet er ei gøymd perle inst i Dyrdalen og eit flott fiskevatn. Vegane til Rellingsetra og Herdalsetra er bomvegar, ring oss for å vere sikker på at dei er opne vår og haust.

 

Uteyoga

I samarbeid med Meretes ZENgarden tilbyr vi uteyoga under furukronene på Kyrkjemyra. Dette er ei heilt spesiell oppleving, der du som bonus til alt det flotte ved sjølve yogaen, kommer nær fjorden og landskapet på ein heilt spesiell måte. Vi tar ikkje værforbehold, slik at ein må kle seg etter vær og sesong. Øvingane er spesielt utvalte for å vere utandørs.

Bestilling og ope for drop-in

Nokre veker om sommaren har vi ein fast dag i veka med tilbod om uteyoga, elles på forespørsel for grupper på minimum seks personar. Hva med ei yogaøkt som avbrekk frå viktige møtediskusjonar? Merete er utdanna ved Norges Yogalærerskole og driv retreat, yogaklasser og ulike kurs frå sitt eige nedlagde gartneri i Valldal: Meretes ZEngarden.

 

Oppleving_hesteskyss
 
Hesteskyss
Vi kan tilby brudeskyss eller annen skyss for den som treng det !

 

Opplevingar i Valldal
Rett over fjorden, i Valldal, kan du prøve deg på utfordringane i høgda i Valldal aktivitetspark. Du kan få deg ein god kop kaffi og ein øl på kaikanten, Under taket. Bestill eit retreatopphald eller ein gruppeyoga i Meretes ZENgarden, eller ei natt i eit tre-telt på Valldal camping. Om ikkje du har fått nok då, ta deg ein raftetur på elva eller ein MTB-tur på fjellet.
Opplevingar i Geiranger

I Geiranger anbefalar vi deg ein lunsj eller middag på restauranten på Westerås gard, med utsikt ut heile Geirangerfjorden og med trivelig vertskap Iris. Du berre MÅ nyte ein sjokoladebit hjå Bengt på Geiranger sjokolade i sentrum. Har du god tid bør du sjølvsagt ta båten ut og gå tilbake til Geiranger over Skageflå. Vår favoritt er strandturen ut til Hyskje! Og lydløs sightseeing med dei fantastisk kjekke el-bilane frå Emobility.