Heim til oss
Petrines Gjestgiveri finn du dersom du tek ein liten avstikkar frå vegen mellom Trollstigen og Geiranger. Dette er staden for deg som ønskjer å oppleve den mektige sunnmørsnaturen med litt lågare puls. Tett på dei store attraksjonane langs Geiranger- og Norddalsfjorden, likevel som ein oase av fred og ro. Etter ein aktiv dag i flott natur høver å runde av med ein varm dusj, eit velsmakande måltid og ei god seng hos oss.

Eigarskap med hjarte
Petrines er eigd av 36 personar med hjarte for både gjestgiveriet og bygda. Dei fleste aksjonærane bur, eller er på anna måte sterkt knytt til staden. Styret vårt er sett saman av folk som brenn for lokalsamfunnsutvikling og verdiskaping. Petrines vert drive av mest heile bygda. I tillegg til små og store oppgåver folk tar på seg i drifta gjennom året, har vi to store dugnadsdagar i året der vi som oftast er om lag 30 personar som arbeider i lag.

 

Korfor gjer vi på her viset?
Vi er medlem av The Happy End – Norddal, næringsorganisasjonen for verksemder med basis i råvarer, produkt og folk frå Norddal. Saman er vi ein drivkraft i lokal og berekraftig verdiskaping på bakgrunn av dei kultur- og naturressursar vi har rundt oss. Vi er Grøn Fjord-partnar og arbeider for Miljøfyrtårnsertifisering. Vi vil gjere vårt for at reiselivsverksemda vår skal sette så lite fotavtrykk som mogleg. 
Arbeidsheltane våre
Susanne Moen Ouff er tilsett som dagleg leiar. Saman med sju-åtte andre tilsette gjennom året, gjer vi vårt beste for at du trivst og har ei god oppleving hjå oss. Ingen av oss har utdanning i reiseliv, her finn du ingen vinkelnar, men vi tar imot deg med eit smil og er fulle av lokalkunnskap om det meste du lurer på om bygda, folka her og kulturen vår. Målet vårt er at du skal føle deg så heime at du kjem ned i peisestova i sokkelesten!

 


Helene Petrine Hvidt
Helene Petrine var fødd i 1824 og var yngst av dei to døtrene til pastor Christian Fredrik Hvidt. Petrine vart aldri gift, men overtok fire gardsbruk på Rellingsida då faren døydde i 1869. I folketeljinga i 1865 er Petrine nemnd som “bestyrer Af husholdningen”, og historia fortel om ei myndig dame som dei andre kvinnene i bygda neidde for når dei møttest på Buda.

Petrine-eplet
Petrine hadde litt andre interesser enn det som var vanleg for embetsmannsdøtrer på denne tida, som til dømes fruktdyrking. Ho tok til å så eplekjerner og ale fram frukttre. Mellom anna fekk ho fram eplet Petrine. Det mognast tidleg, slik at ein fann somme eple på marka i håslåtten, og då smakte dei overlag godt. Det aller første treet vart nedslege av sørvesten, så det låg flatt etter marka til ut i 1930-åra, og bar likevel ei mengd eple.

 


Storgarden på Relling
Petrine budde på garden «oppunder Hauen». I folketeljinga frå 1865 er det mellom anna registrert 19 storfe, 28 får, 19 geit og ein tenarstab på sju. Det syner at Petrine hadde ansvar for ein stor gard. Så var ho heller ikkje skvetten av seg, den ugifte prestedottera. Det seiest at ein gong brua over elva hadde reist i flaumen, gjekk ho over elva med stylter! Garden er den første du ser når du kjem inn i bygda.

 

Eit viktig testamente
I eit referat frå Herredstyret i Norddal, 13. mai 1913, sak 15, finn vi følgande  (…) det framgaar at hun har testamenteret en større del av sine Midler til Norddalens Herred sidt Depositum (…) Antydning i hvilke øiemed de helst skal benyttes saasom forbyggelse av Frostskade på Skuset og Løvold med flere gaarde eller ogsaa til Oppførelse av et Gamlehjem for Fattige.

Fuldførelse av gamlehjemmet

4. mars 1916 handsamar Herredstyret sak 3b: Fuldførelse av gamlehjemet: Man besluttede at henstille til Byggekomiteen (…) besørge Huset istandsatt (…). Styret bemyndiges til å gjøre de fornødne kjøp av forskjellige Ting (…) og desuten anta den fornødne Betjening og Bestyrer. Portretta av Helene Petrine og systera Karen Maria heng framleis i Restauranten vår.

 


Frå sjukeheim via pub til gjestgiveri

I 1987 vart sjukeheimen lagt ned og dei eldre flytte inn i flunkande nye omsorgsbustadar ved fjorden. Eit par år sto huset tomt, men i 1992 vart bygget seld til ein gjeng framsynte bygdafolk som brukte nokre år på om omvandle ein tungdreven sjukeheim til moderne pub, og sidan trivelige rom for overnatting.

Stafetten er i gong!

Bjørkavåg var dei første drivarane frå 1992. Etter dei tok Kirsti Indreeide (då: Dale) over stafettpinnen, og ho held fast i pinnen i imponerande 17 år! I løpet av dei åra vart Petrines kjent for framifrå vertskap og god, tradisjonsrik mat frå lokale råvarer. Nokre møte-gjestar hadde gjestgivaren i desse åra, men først og fremst kom gjestane for storslagen natur, besøk på Herdalsetra og god mat.

 

Norddalstunet_terasse

1916 – 2016 – 2116

Etter at Kirsti ga frå seg stafettpinnen var fleire innom, før Susanne Moen Ouff tok til på det som så langt er «anker-etappen». Sidan 2014 vart det mogleg for Petrines å nytte skikkelige møtelokale på Norddalstunet –i nettopp dei omsorgsbustadane som vart bygd då Petrines vart lagt ned. Nok ein gong har framsynte bygdekvinner og –menn sørga for at viktig bygningsmasse vart på lokale hender.

Tenkje globalt, handle lokalt

Lokal verdiskaping, berekraftig lokalsamfunnsutvikling, sirkulærøkonomi, gjenbruk. Mange av verdiane Petrines står for, er gjerne kjent som samfunnsansvar eller trippel botnlinje. Partnarskap i Grøn Fjord, lokalt samarbeid gjennom Grøn bygd og Miljøfyrtårnsertifisering er nokre av dei «handfaste» bevisa på engasjementet vårt.

 

Omoss_personal1

Samfunnsansvar i teori og praksis

Men elles ligg the proof in the pudding, som dei seier på utanlandsk. Dei tilsette er så langt det går rekruttert lokalt, så Petrines er ein viktig arena for læring og som innfallsport til arbeidslivet. Så langt det går, nyttar vi råvarer lokalt. Verdiskapinga rundt Petrines skjer mest mogleg lokalt. Går noko i stykker, prøver vi å reparere eller finne brukt, før vi kjøper nytt.

Ikkje sporlaust reiseliv enno, men på veg?

Vi legg ikkje til rette for energikrevjande, støyande og ikkje-fornybare opplevingar (dessverre, vil sikkert nokon seie) som forringar livskvaliteten til dei som bur her. Vi, og dei fleste andre innan reiseliv, trur at dette er einaste måten å drive reiseliv på i åra som kjem. Slagordet Tenkje globalt, handle lokalt er like relevant no som i 1985, då Gro Harlem Brundtland lanserte omgrepet.

 

logo_enno

Heim til oss

Vi vil gjerne invitere deg Heim til oss, men da må det bu nokon her som har bygda som heim. Elles kjem du til ei kulisse av ei bygd. Og det trur vi ingen har glede av. Her kunne vi ha lagt inn fleire avsnitt om sentraliseringspress, robust (gulp!) kommunestruktur og landbrukspolitikk, men vi har von om at de skjønar den teikninga sjølve! Vi gjer så godt vi kan, i ei verd der ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt!

Ditt bidrag er avgjerande!

Vi gjer så godt vi kan, men utan dine haldningar og handlingar er vi like longt! Du kan gjere ditt ved å reise så «grønt» du kan, la bilen stå når du er vel framkomen og bli lenge. Behandle med-arbeidarane, naboane og innbyggarane våre med respekt, som du elles gjer du er invitert heim til nokon. Handle gjerne hjå John Kåre på Joker, meir kjent som Buda. Logg av og ut frå Insta, fb osb, og del opplevinga di berre med dei rundt deg.