Det er i Norddal det skjer!

Om du er nær oss i påska, er du hjerteleg velkomen Heim til oss! Vi byr på øl-kveld for damer, kviss og pub, potetball, bingo, gode skiløyper og dans. Noko for ein kvar smak, altså. Hugs å melde deg på innan fristen, om det er noko du vil ta med det kjerast, vener eller familie og vere med på! Heile programmet finn du om du klikkar her.




 

Sykle i Oslo?

For eit par dagar sidan vart to gode sykkelentusiastar i Oslo-bygda anbefalt av Soigneur, eit tipp-topp nederlandsk sykkelmagasin og butikk for likesinna entusiastar. Vi henger oss på anbefalinga om å ta turen innom både Sørensen sykler og Oslovelo med kaffi frå Supreme Roastworks, skulle du vere i hovudstadsområdet.

Sykle i Norddal?

Medan vi ventar på at Soigneur skal oppdage oss og lage ei hot-spot-liste for Norddal; her er våre topp 5: 1) Rellingsetra med gapahuken på Lilleåsskagen og til fots vidare opp Storåsnakken, 2) Lillerunden frå fjorden framover Dalesida, grusvegen i Dale og ned att Rellingsida, 3) Herdalssetra, 4) grusvegen over Storåsen, tilbake langs Norddalsstranda og 5) greidde ikkje å velje mellom Trollstigen og Geiranger, så vi slår samen desse to til fv 63 på lista.

 

2015-10-07 17.56.43
Viltmiddag 22. oktober

Laurdag 22. oktober opnar vi dørene for viltmiddag. Lokale jegarar og fiskarar har sikra oss dei beste råvarene, og vi gjer vårt ytterste for ikkje å gjere skam på innsatsen deira. Det vert både rein, hjort og krede på tallerken, og gode smakar i glaset med.

Handarbeidssøndag 23. oktober

Søndag kan du ta med deg strikketøy, snakketøy, sytøy eller berre godt humør, kome når du kan, og gå når du vil mellom 13 og 21. Om du ikkje har noko -tøy, har vi alltid eit prosjekt på gong vi treng ei hjelpande hand til, så vert ei råd sjølv om du ikkje har med deg eitt.

 

Heile haustprogammet finn du ved å klikke her.

 

Vi er glade i gjestane våre!

 

Og vi vert hoppande glade når dei legg at slike tilbakemeldingar i gjestboka når dei fèr! Stor takk for besøket til Serge og Dominique, og velkomen tilbake.


 

Melchiorgarden1
Programmet for 25.-31. juli er klart!

Denne veka kan du nyte ein kopp kaffi eller te i Klosteret, slappe av med ein lokal øl i gardspuben, få innsikt i det lokale livet og kulturen, kose deg med geiter, vere med på slått og meire til.

 

Ring oss for meir informasjon på 922 34 820.

 

Programmet ser du best ved å klikke her:

 

Opplevingar_25.-31. juli

 

Norddal kyrkje
Konsert i Norddal kyrkje 3. juli kl. 17

Organistane Gunnar Inge Eide og Carolin Eide har invitert trombonisten Eyvind Sommerfelt til forsommarkonsert i Norddal kyrkje søndag 3. juli. Det vert eit spanande program som spenner frå jazz og romantikk, til barokkmusikk. Inngangen er gratis, men de må gjerne gje til kollekten etterpå.

Carolin&Gunnar Inge

 

Opningstider
Opningstider sommaren 2016

Fram til 11. september har vi ope for servering kvar dag. Til lunsj treng du ikkje reservere. På lunsjmenyen står Petrine si klassiske krema fiskesuppe, heimelaga burger og klippfisksalar. Til middag vil vi gjerne ha beskjed dagen før eller tidleg same dag kva for bordsete du vil ha: kl 18 eller kl 20. Vi serverer ein fast tre rettar meny basert på lokale råvarer, og til dessert alltid dei ferskaste bæra frå bygda. No har vi dagsferske økologiske jordbær frå Tove Løvik!

Nokre få dagar har vi stengt

Nokre dagar i sommar har vi store arrangement som gjer at vi ikkje får til å servere lunsj eller middag. Så langt gjeld det laurdag 23. juli og 5., 6. og 27. august.

 

Det kan skje at vi får store grupper på kort varsel. Gjer vel å ringe før du kjem, så slepp vi å avvise deg i døra!

 

12524197_873614579403127_6924417936547077705_n
8.-10. april: Ein president, to direktørar, tre bryggeri og ei verdspremiere! Dette er helga for deg som anten er i glad i akevitt, lokalt øl, godt selskap, god mat, innhaldsrike opplevingar, fred og ro, mykje som skjer -eller alt på ein gong. Sjå 100-årsprogrammet under for meir om helga. Medlemmar i Norske Akevitters Venner Sunnmøre får 200,- kroner avslag per person på overnatting denne helga! Det er plassar igjen, så meld deg på no. 

 

Jubileumsbilde
Programmet for 100-årsjubileet er klart!

Du finn det her.


 

Valkyrien-e1456781181368
Valkyrien Allstars kjem til Midtsommardagar

Norddal 24. juni! Det blir ei storhending med utekonsert, god stemning og den flottaste utsikta i bygda.