![]() |
|||||
Kapasitet og standard.Petrine Hvidts Minde var aldersheim frå 1916 til 1985. I 1992 vart huset bygd om til Petrines Gjestgiveri. Etter siste ombygging i 2009 kan tilby 10 rom med til saman 20 senger. I tredje etasje har vi åtte dobbeltrom. Alle romma har flislagde bad, tre av dei har også badekar. Eitt av romma har ein liten hems, med plass til ei stor eller to små senger. Fire av romma vender mot nord, og har flott utsyn mot fjorden, men «fjellutsikta» mot sør frå dei andre romma er kan hende like flott! I første etasje har vi to doble rom med nye bad som er tilpassa rullestolbrukarar. Nostalgisk atmosfære og god komfortTekstilkunstnar Torunn Halseid Marø var interiørkonsulent for den siste oppussinga i 1999. Ho har brukt Carl Larsson som inspirasjonskjelde. Romma har difor fått eit lyst og sommarleg preg, med måla panel, lyse bomullstekstilar og kvitskura furugolv. Kanskje er det barndommens gjesterom hos bestemor du minnest når du bur hos oss ? Dersom dei mange gamle som budde på Petrine Hvidts Minde då det var aldersheim kunne ha kome attende for å sjå korleis her no har vorte, ville dei nok ikkje tru sine eigne auge. Sett utanfrå er huset den same gamle, stolte bygninga, men komforten og atmosfæren innanfor dørene er noko heilt anna enn den gong. Teppelagde korridorar i lune fargar og trivelege rom med ein vel gjennomtenkt nostalgisk stil vitnar ikkje om ei fortid som institusjon. På Petrine Hvidts Minde var det bad lenge før dette var vanleg i heimane elles i byga. Men flislagde baderom med badekar og dusj til kvart rom var naturlegvis utenkjeleg den gong. Vi veit at du som er ute og reiser i dag forventar litt meir. Difor trur vi du vil trivast hos oss. |
|||||
![]() |
|||||
![]() |
|||||
| Booking direkte på internett | |||||
|
|
|||||
Hytter og campingFor dei som brukar telt eller campingvogn på ferie, ligg Relling Camping godt plassert like bak Petrines Gjestgiveri. Her er det også høve til fast oppstillingsplass for campingvogn. |
|||||