![]() |
|||||
![]() |
|||||
| Petrines Gjestgiveri finn du dersom du tek ein liten avstikkar frå hovudvegen mellom Åndalsnes og Geiranger.
I den vesle bygda Norddal merkar du lite til den store turiststraumen like ved; Dette er staden for den som ønskjer å oppleve den mektige sunnmørsnaturen med litt lågare puls. Etter ein aktiv dag i flott natur høver det godt å runde av med ein varm dusj, eit velsmakande måltid og ei god seng hos oss. Bygninga vi held til i var aldersheim frå 1916 til 1985. I 1992 vart første og andre etasje bygd om til restaurant og gjestgiveri, og i 1999 pussa vi opp tredje etasje slik at vi no har tolv doble rom. I restauranten kan du nyte tradisjonelle rettar basert på den lokale matproduksjonen i bygda vår. |
|||||
![]() |
SelskapslokalePetrines Gjestgiveri høver godt som selskapslokale for brylllaup, åremålsdagar og andre jubileum. Her kan du og gjestande dine ha heile huset for dykk sjølve - i ei heimekoseleg atmosfære. MøtelokaleSkal du arrangere kurs eller møte, så kan det vere godt å halde til på ein roleg plass, med mykje frisk luft og avslappande elvasus. |
||||
|
|
|||||
![]() |
|||||
Historia om Petrine HvidtHo må ha vore ei myndig kvinne, ho som har gitt dette gjestgiveriet namnet sitt.Helene Petrine Hvidt vart fødd i 1824. Same året kjøpte far hennar, sokneprest Christian F Hvidt, garden "under haugen", der Petrine vaks opp. Soknepresten var gift med Charlotte Baade frå Borgund. "Bestyrer Af husholdningen"Petrine var yngst av to døtre, og var ikkje gift. Likevel tok ho over garden etter faren. Den ti år eldre systera Karen Maria vart gift med Soknepresten på Stranda. I folketeljinga frå 1865 er Petrines nemd som "bestyrer Af husholdningen". Men ho bestyrte ikkje berre husholdninga. Det vert sagt at det vart Petrine som bestemte når gardbrukarane på Relling skulle jage dyra på setra. Då er det kanskje ikkje så underleg at dei andre kvinnene i bygda neia for henne når dei møtte ho på buda. Storgarden på RellingVed "Pastor Hvidt`s bortgang" i 1869, vart Petrine eigar av fire gardsbruk på Relling. Dette er heile Rellingsida, utanom Gunnagarden og Ebbegarden. I folketeljinga frå 1865 er det mellom anna registrert 19 storfe, 28 får,19 geit, og ein tenarstab på sju personar. Dette syner også at det var ein stor gard ho hadde ansvaret for, ein av dei største i Storfjorden. Så var ho heller ikkje skvetten av seg, den ugifte prestedottera. Det seiest at ein gong brua over elva hadde reist i flaumen, gjekk ho over elva med stylter ! "Petrine-eplet"Petrine hadde litt andre interesser enn det som var vanleg for embetsmannsdøtre på denne tida, som til dømes fruktdyrking. Ho tok til med å så eplekjerner og ale fram frukttre. Mellom anna fekk ho fram "Petrine-eplet", som det vart pota og planta ein del av. Det mognast tidleg, slik at ein fann somme eple på marka i håslåtten, og då smakte dei overlag godt. Men dei rotna lett innanfrå og vart utskifte med "Transparente Blanche". Likevel finst sorten enno. Det aller første treet vart nedslege av sørvesten, så det låg flatt etter marka til ut i 1930-åra, og bar likevel ei mengd eple. Nydyrkingsplanar vart aldersheim.Petrines meinte også at det måtte vere mogeleg å dyrke opp dei 150 dekar store Skusetmyrane i Eidsdal. Tanken var å veite ut myrvatnet slik at det kunne verte godt jordbruksland. Dette var ho så opptatt av at ho testamenterte pengane sine, kring 25.000 kroner til dette føremålet. Men denne planen vart visst for dryg for dei som skulle setje han i verk, så det vart søkt om å få bruke pengane til noko anna. Det vart semje med Petrine om at pengane skulle brukast til ein aldersheim, på dei vilkår at han skulle byggjast på Petrine Hvidt sin eigedom på Relling. Aldersheimen vart bygd i 1916 og fekk namnet "Petrine Hvidts Minde". Aldersheimen var i bruk heilt fram til 1987. I 1992 vart huset bygd om til overnattingstad og restaurant med namnet Petrines Gjestgiveri. I restauranten heng det enno bilete av Helene Petrine og systera Karen Maria. Kjelder: Norddal Bygdebøker, "Grunn og gror 3", Folketeljinga av 1865 |
|||||