Slåttedagar på Severinbrauta

Kulisser eller handbåren kunnskap?

Husmannplassen Severinbrauta i Eidsdal har vore driven etter gammaldagse prinsipp heilt fram mot 1990. Vi ynskjer å halde kunnskapen om dei gamle arbeidsmetodane levande, seier Kirsti Indreeide, prosjektleiar i Stiftinga Severinbrauta. Vi inviterer difor både røynde slåttefolk og publikum til slåttedagar 18. – 20 juni.

Unikt kulturlandskap
Husa, tunet og slåtteteigen på den freda husmannsplassen representerer eit unikt kulturlandskap, og det er laga ein eigen forvaltingsplan for å ta vare på dette. Vi ynskjer å tilby aktivitetar knytta opp til forvaltninga, slik at vi kan formidle den kunnskapen og dei verdiane som Severinbrauta står for.

Kvasse ljåar og beine hesjar
Vi er heldige og får hjelp av av røynde slåttekarar og slåttekvinnner som både kan slå og halde kvasst. Elles frir vi til yngre krefter for å setje opp hesjer. Vi vonar at hesjene vert beine, for vi har tenkt å dokumentere arbeidet ved å lage film frå slåttedagane. Filminga er det Storås Studios som tek seg av.

Nistekorga
Vi som har vokse opp på gardsbruk hugsar vel alle nistekorga og den gode praten når det var tid for ettermiddagskaffi. Det å setje seg ned på nyslått mark mellom hesjane og vite at no var det veste gjort, det var god medisin både mot såre ryggar og stikkande vannblemmer. Slike opplevingar er også ein del av kulturarven som vi vil ta vare på.

Kanskje treng vi slike kulisser for å formidle handboren kunnskap til nye generasjonar?

Open dag og slåttegraut
Søndag inviterer vi til open dag med litt ”etterrakst”. Det vert sal av rjomegraut, omvisning, historeforteljing og musikk på slåtteteigen.

Adresse: 6215 Eidsdal Tlf: 92 23 48 20 E-post: severinbrauta@online.no