Explore the top of Fjord Norway

Nasjonale turistvegar på matmesse i Berlin!

Egil Smith-meyer frå Tingvollost og Evy og Terje Starheim frå Vågen Gård, og Kirsti Indreeide frå Petrines Gjestgiveri.
For tredje år på rad er Petrines Gjestgiveri invitert til å delta på ei av verdas største forbrukermesser for landbruk, mat og reiseliv, Internationale Grüne Woche i Berlin 15 – 24. januar.

Oppdraget i år er å marknadsføre dei nasjonale turistvegane Geiranger- Trollstigen og Atlanterhavsvegen, med fokus på matopplevingar, kulturlandskap og verdsarv. Det er plukka ut lokale produkt frå bedrifter langs turistvegane, og eg gler meg til å presentere ”Toppen av Fjord Norge” saman med desse sereigne og smakfulle produkta, seier Kirsti Indreeide, som i dag er i Molde for å syte for at varene kjem i dei rette containerane til Berlin.

Dette er varene som skal profilere området vårt:
Kokemør frå Mørkrullen i Geiranger, Herdalsost frå Åshild Dale, Bringebærsaft og bringebærsylte frå Olegarden og Melchiorgarden i ”The Happy End Norddal”, Jordbær og bringebær frå Valldal Grønt, Moltesylte frå Norsk Bærindustri, Økologisk eplesaft frå Jordbærstova, Lammerull og røykt aure frå Slogenmat, Elgpølse frå Tind Spekevarer, Flatbrød frå Verma Mat, Lefser frå Heimebakst og Sagbakken Lefsebakeri, Kremsost frå Derinngarden, Tyttebærgele frå Halås Gardsutsal, Solbærmarmelade frå Den Glade Ku, Grønnfjell Spekepølse frå Øre Vilt, Fenalår frå Vågen Gard, Mild Mester frå Tingvollost og Konfektost frå Brubekken Gardsysteri.
Smeltedigel mellom landbrukspolitikk, mat og reiseliv.
Det er Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal Fylke, Møre og Romsdal Reiseliv og Innovasjon Norge som står bak den lokale mat-satsinga. Det er første gong Møre og Romsdal engasjerer seg så direkte på IGW, noko som vert lagt merke til i Landbruks - og matdepartementet, så vi har fått ei svært gunstig plassering i ”hovudgata” på den norske standen. Kari Wiggen frå Landbrukdsavdelinga vil sjølv reise nedover for å vurdere framtidig deltaking i denne ”smeltedigelen” mellom landbrukspolitikk, mat og reiseliv. Dagleg leiar for Destinasjon Geirangerfjord – Trollstigen AS, Ronny Brunvoll vil heller ikkje gå glipp av dette høvet til å promotere destinasjonen saman med bugnande matftat.
Årets ost
Egil Smith-Meyer frå Tingvollost stiller med eigne ostar, mellom anna den vellagra blåskimmelosten ”Kraftkar”, som vart kåra til ”Årets ost” på landsutstillinga for gardsost i 2009.

Verdens beste fårepølse
Evy og Terje Starheim frå Vågen gard deltek på standen med økologisk spekemat frå eigen gard. Eitt av produkta er ein type fårepølse som vart kåra til ”Verdens beste” med gullmedalje i VM i 2007.
Classic Norway stiller med kokkar
Atlanterhavsvegen og bacalao høyrer saman, og kokkane Catrine Myklebust og Jan Roger Blø frå Classic Norway vil syte for bacalao av ypperste kvalitet under heile messa. Ein av dagane vil dei også setje sitt preg på den norske restauranten på standen, i samarbeid med Gastronimisk Institutt.

Fjordane, fjella og maten på tysk TV
Petrines Gjestgiveri har gjort avtale med det Tyske TV selskapet Avus TV GmbH om filming på standen, og det vert fem visningar frå standen på tysk fjernsyn saman med videosnuttar frå fjordane og fjella våre! Vi vonar at årets satsing vil gjere utsletteleg inntrykk på matglade og reiseglade tyskarar.