Petrines Gjestgiveri har ein liten restaurant med heimekoseleg atmosfære. Til vanleg er det plass til 40 gjestar ved småbord, men vi kan også dekke på langbord dersom du har noko du vil feire saman med familie og vener.

Menyen vår er ikkje heilt slik du er van med frå andre restaurantar. Vi ønskjer å kunne tilby noko spesielt som representerer bygda og nærområdet vårt. Mellom anna har vi rettar av hjort, kjekjøt (geitekilling), herdalskre (småaure frå Herdalsvatnet), laks, heimelaga karamellpudding, eplekake og jordbærkake.

Til maten kan du få heimelaga eplesaft, men vi har også alle rettar i baren, om du skulle ønskje edlare dråpar.
Menyar og prisar (Pdf-fil) Oppskrifter (Eiga side)
"Kirsti går sine egne veier som vertinne"

Reportasje i Hjemmet nov. 2000.