![]() |
||||
![]() |
||||
| Enkle og trivelege møtelokale på Petrines. | ||||
Kurs og møteOm du synest at hotella blir for store, for like og ligg midt i larmen, då er Norddal og Petrines eit godt alternativ. Petrines Gjestgiveri med si uformelle og heimekoselege atmosfære er eit godt utgangspunkt for ei vellukka samling. Stadig fleire ynskjer å halde kurs og møte i eit miljø som gir fred og ro til arbeid, avkobling og inspirasjon. Innover fjorden !Det er om lag 2 timars reise frå Ålesund og Molde til Norddal om de brukar bil og ferje. Om de ynskjer ei ekstra oppleving, kan Cruise Service ta dykk innover fjorden med ein av dei flotte fjordcruise-båtane sine. Kom med dykkar særskilde ynskje, og vi skreddarsyr eit opplegg for dykk, både når det gjeld avvikling av møte, spesielle måltid og aktivitetar. MøtelokaleVi kan tilby vanleg kurs-materiell som overhead, flipover, video, kopimaskin, telefax og PC/trådlaust breiband. Vi har ikkje eige møterom på Petrines, men små grupper har gode erfaringar med å nytte restaurant/salong og TV-stove til møter og gruppearbeid. I tillegg har vi tilgang på både store og små møtelokale i bygda, i gangavstand frå Petrines. |
||||
![]() |
||||