For betre å kunne utnytte dei ressursane som er her, har vi knytta til oss verksemder som kan ta deg med på herlege opplevingar i området kring oss.

”Områda rundt Petrines”

Petrines Gjestgiveri ligg midt i den levande Vestlandsnaturen, og her finst aktivitetar for einkvar smak. Sommar som vinter ligg fjord og fjell her og byr på det ypperste av naturopplevingar. På huset finn du trimrom og solarium

"Nye rundreiser i Møre og Romsdal"

Frå 25 juni 2007 kan du oppleve meir av det spanande fylket vårt. Les meir

The Happy End – Norddal har produkt og opplevingar for deg som berre stikk innom og for den som blir verande ei stund.

”Hopp i det!”

Valldal Naturopplevingar kan ta deg med på ei rekkje ulike aktivitetar i nærområdet vårt. Dei mest populære aktivitetane er rafting i Valldøla, rappellering og aktivitetar i Villmarksleiren. Men - om du ynskjer noko meir spesielt - kan kanskje til dømes juvvandring eller brevandring vere noko å tenkje på. Valldal Naturopplevingar har tilbod heile året.

”Det er mykje mat i godt drikke”

Gardsbesøk med ølbryggjing er ein av dei mest populære aktivitetane for grupper som gjestar Petrines. I årestova får du lære meir om korleis øl vert bryggja, og om tradisjonane knytta til bryggjinga. Det vankar óg smaksprøver og spekemat for dei som tek turen hit.

”Herlege Herdal”

Det tek cirka 20 minutt frå Petrines opp til Herdalssetra , der du får oppleve moderne mjølkeproduksjon i eit over 300 år gamalt stølsmiljø - eit levande museum.
Setra ligg om lag 500 meter over havet like ved det vakre Herdalsvatnet. For nokre hundre år sidan var dette ein eigen gard, men det har ikke vore fast busetjing der oppe dei siste 300 åra. Området vart etter kvart teke i bruk som seter for ein del av gardsbruka nede i bygda, og ein heil liten ”by” av seterhus (sel) vaks fram ved foten av den mektige Heregga. I 1959 organiserte gardbrukarane med seterrett i Herdalen seg i eit beitelag og bygde fellesfjøs for ku og geit. Fjøsen er seinare utvida og modernisert. Sjølv om fellesfjøsen har vore i drift i over 40 år, er det særeigne miljøet teke godt vare på. Tradisjonane vert haldne i hevd med handmjølking og ysting av brun og kvit geitost.
Setra er opa i tre månader, frå jonsok til september. Fire budeier har ansvaret for dyra i denne perioden, og dette er ein populær sommarjobb for ungdomane i bygda.

”Som eit eventyr”

Ein tur innom Ytste-Skotet på veg anten til eller frå Petrines er óg å anbefale. Staden egnar seg for dei fleste føremål, anten det er kollegatur, kurs, møte, ferie eller fest. Ytste-Skotet ligg på ei fjellhylle rett på andre sida av fjorden for Dyrkorn i Stordal kommune. Garden har eksistert sidan vikingtida, og på folkemunne vert det fortalt at her budde folk allereie i Kong Håkon den Gode si tid for meir enn 1000 år sidan. Snorre fortel at Olav den Heilage på si ferd innover Storfjorden i 1028/29 skaut med pil og boge opp i fjellet slik at ein hammar datt ut og laga skotet. Staden er nemnd i Flatyarbok, Fornmannasogur og Heimskringla. Skotet er ope frå mai til oktober.

”Ein glad laks”

Tek du med deg fiskestonga til fjells, finn du eit mylder av fjellvatn og elvestrekningar fulle av sprellande ørret. Tilbodet spenner frå lett tilgjengelege vatn og elver i lavlandet til dei meir fjerntliggande, der det går gjetord om den verkeleg store ørreten. Det er utarbeidd ”fiskekart” for ørretfiske i Norddal kommune. Her er alle tilgjengelege fiskekortområde og kvar ein får kjøpt kort avmerka.

Elva som renn gjennom Norddal, renn berre 15 meter frå Petrines. Her har det vore fiska laks i uminnelege tider. For nokre år sidan vart elva opna etter å ha vore stengt ein periode, og laksebestanden veks for kvart år. Har du ikkje fiskestong, sa du? Då kan du leige det du treng på Petrines. Fiskekort [Til info om priser på fiskekort] til både Herdalsvatnet og elva kan du kjøpe på Petrines. Elva er opa frå 15. juni til 31. august.

Heile året ligg fjorden der, blank og innbydande og klar til bruk. Fjorden nyttast dagleg til både matauk og rekreasjon. Det er mogleg å leige båt slik at også du kan kome ut på fjorden, anten for å fiske eller for å oppleve naturen frå sjøsida.

”Jaktskrøner”

I fjellet er det kvar haust stor aktivitet av jegarar som jaktar på småvilt og hjort. Mange finn fjellområda rundt Petrines særs attraktive. Og den som har tolmod, han får. Jaktkort [Til info om prisar på jaktkort] kan du kjøpe på Petrines.

”Husker du den gang i måneskinn…”

Det er mange setrer i fjella rundt Norddal. Ei av desse er Rellingsetra som kan vitjast både sommar og vinter. Rellingseterhytta er ei gamal tømmerstove som vart teken i bruk som skihytte på 1950-talet. Den gong var alpinistane frå Norddal mellom dei fremste i landet. Rellingsetra er eit glimrande utgangspunkt for turar, anten enkle og greie eller lange og krevjande, sommar som vinter.

”Skiføre sommar som vinter”

Ved Rellingsetra finn du også flott og familievenleg skiterreng som gjev passande utfordringar både for små og store skiløparar. Når ver og snøtilhøve tillet det, held Norddal Idrettslag ope skitrekk og skikafe på Lilleåsen., cirka ti minutts køyretur frå Petrines.

Frå Petrines tek det om lag 1,5 timar med bil til Stryn Sommerskisenter for ei oppleving utanom det vanlege. Anten du er alpinist, telemarksentusiast, snowboardar, freestylar, langrennsløpar eller ”vanlig” skientusiast, vil du kunne oppleve verdas beste sommarsnø. Skisenteret ligg i naturskjønne omgivnader ved Gamle Strynefjellsveg, Rv 258, ein attraksjon i seg sjølv med hårnålssvingar og høge brøytekantar. Vegen var tidlegare bindeleddet mellom Nordfjord og austlandet, men er no erstatta av ein heilårsveg, Rv 15, med tre tunnelar gjennom fjellet.

Om lag ein time med bil frå Petrines finn du Stranda Skisenter. Her finn du bakkar tilpassa alle - alt frå dei heilt enkle til dei vanskelege løypene. Stranda Skisenter har óg eige tilbod for born.

”Jugendbyen”

Det tek om lag to timar frå Petrines til Ålesund

”Gjør døren høy…”

Norddal kyrkje slik vi kjenner ho i dag, vart bygd i 1782. Men soga fortel om Herr Arne på Sylte, presten i Norddal i 1610-1634, som flytta den då om lag 500 år gamle stavkyrkja på Sylte over fjorden og bygde ho opp att i Norddal. Kyrkja vart godt teken vare på, men likevel var kyrkjehuset i so dårleg stand at ho vart rive for å gje plass til ei ny kyrkje.

Norddal kyrkje var den første åttekanta kyrkja på Sunnmøre. Seinare vart dette ein vanleg byggjemåte, og vi finn same typen i mellom anna Stordal og Geiranger. Tolv lokale bygningsmenn bygde den vakre kyrkja med handemakt, og enkelte detaljar på kyrkja, som til dømes tårnet, vert sett på som framifrå i kyrkjesamanheng. Kyrkja er lys og romsleg med sitjeplass til 400 personar, og ho vert nytta til alt frå gudsteneste til konsertar - ein populær samlingsplass for folk i bygda.

Ein kan framleis sjå spor etter stavkyrkja. I våpenhuset var tømmer og bjelkar nytta oppatt, og ein kan sjå at delar av veggane her har restar etter draperimåling. Men kyrkja har meir arvegods frå stavkyrkja, sjeldne og vakre minnegjenstandar som er av stor antikvarisk og kulturhistorisk verdi.

I midtgangen heng ei lysekrune av jarn. Ho er sett i stand og hengt opp slik ho truleg har hange i mellomalderen. Kyrkja er óg smykka med gamle portrettmåleri frå 1600-talet.

Dei viktigaste og mest iaugefallande klenodia frå stavkyrkjetida er likevel altertavla, epitafiet og preikestolen. Altertavla er laga i periode 1510-1520 stammar mest truleg frå Lübeck i Tyskland, og kan være laga av den fremste kyrkjekunstnaren i Europa i si tid, Bernt Notke. Preikestolen vert sett på som eit svært verdfullt snikkararbeid frå barokktida, medan epitafiet - eller minnetavla - truleg vart måla på midten av 1600-talet.

Paktarhuset på Prestegarden

Petrines er så heldige å få disponere Paktarhuset ved behov. Paktarhuset ligg på den gamle Prestegarden i Norddal, og huset som vart bygd i 1694, er det eldste på tunet. Her er det svært idyllisk, kvite hus med grøne lister, raudt stabbur og raud løe. Vi nyttar huset til små og store selskap og til kurs og møte.

Aktivitetar med fjordhest

Med dei mange fjordhestane i bygda kan vi arrangere rideturar i skog og mark, barneriding eller kjerretur rundt bygda.

Vi tilbyr gjerne også brudeskyss for den som treng det !