20150620_135142_resized
Lokalt på menyen
På menyen har vi rettar med så lokale råvarer som mogleg, i tillegg til fleire tradisjonsrike rettar frå området. Vi serverar hjort og kjekjøt, Herdalskre (fjellaure frå Herdalsvatnet), sosakjøt av storfe, eigen kjerull, heimelaga karamellpudding, Petrines klassiske eplekake og bringebærmoussekake. Til maten kan du få heimelaga eplesaft eller bringebærsaft, men vi har også alle rettar i baren.

Kapasitet i Restauranten
Petrines Gjestgiveri har ein liten restaurant med triveleg atmosfære. I restauranten har vi til plass til 40 gjestar ved småbord. I tillegg har vi ein mindre spisesal som rommar om lag 18 personar. Vi kan dekke langbord dersom du vil feire saman med familie og vener. I sommarsesongen serverar vi lunsj kl. 13-17 og middag kl. 18 og kl. 20. Bordbestilling er naudsynt, òg for buande gjester.

 

Ein smak av Norddal

I sommar har vi fire ulike middagsmenyar som kjem i tur og orden utover. Menyen er fast kvar kveld, så om du vil kome som spisegjest og har lyst på noko spesielt, er det lurt å ringe først. Menyane finn du her: Hønsesuppe og omnsbakt klippfisk, Potet- og purresuppe og kjekjòt, Lokaltapas og hyse med sommarkål, Krema fiskesuppe og dagens tradisjonelle gryte.

Drikkekartet  inneheld òg mykje godt, lokalt! 

Fest!

Her finn du eksempel på menyar og til dømes lokalmatbuffet vi serverar til større lag eller grupper. Ut frå tilgang på råvarer, og kva vi kan på kjøkenet, set vi gjerne saman ein meny bare til deg! Nokre gongar i året slår vi oss laus på kjøkenet og lagar mat som ikkje smakar av Norddal «smileblunkefjes». Då kan menyen så slik ut, eller slik. Lunsjmenyen vår finn du her. Dei fantastisk flotte menyane våre er laga av Milena Czajkowska.

 

Råvare og ressurs

Vi har fabelaktige bønder i bygda som leverer bringebær, plommer, økologiske jordbær (!), jordskokk, kjekjøt og økologisk lam, ramslaukprodukt, syltetøy og gelear. Rett over fjorden kan vi hente gulrot og potet i solfylte Valldal. Utan desse vart kjøkkenet vårt fattig på smak og oppleving. Mykje av maten vår er bygd på tradisjonar, men noko er nyskapande på gamalt.

Samarbeid og produktutvikling

Gjennom næringsorganisasjonen The Happy End – Norddal utviklar vi saman nye produkt på dei råvareressursane vi har rundt oss. Stadig fleire bønder satsar friskt på nye produkt som kjem kjøkenet på Petrines til gode. Gjennom tilbakemelding frå gjestar og kundar, gjer vi vårt beste for gjennom samarbeid å tilby deg det beste vi har.

 

 
Drikkekultur

I Norddal og bygdene rundt har det dei siste hundreåra utvikla seg ein sterk kultur for heimebrygging av malt-øl. Dette er mikro-bryggeri av beste merke, og nokre hundre år før det vart hipt. Hjå oss kan du få oppleve brygge-kulturen på to vis: som besøk i bryggekjellerane på Fjellgarden Gjæra eller på flaske i restauranten.

Besøk i Bryggerkjellaren

For å oppleve bryggekulturen på rett, anbefaler vi eit besøk i Gjæra. Der får de smake lokale brygg i sitt rette element og møte Martin og Ingvild, dei flotte sauebøndene som driv det brattaste sauebruket i bygda. De kan velje å slå saman besøket med middag, så tar vi med oss den frå Petrines. For å tinge besøk må de vere minst 6 personar.

 

20150620_214154_resized kopi

Bryllaup, åremålsdagar eller anna å feire?

Vi tar sjølvsagt gjerne imot dykk på den store dagen! Anten det er til dåp, bryllup, runde år eller anna de vil feire. Vi tar òg imot deg til minnestunda etter ein av dine kjære. Ekstakt pris må vi diskutere ut fra ønskje om meny, tal personar, sesong osb. Ein peikepinn på prisane våre gir vi deg under fanen Prisar.

Catering

Mykje av det vi serverar på Petrines kan vi levere som catering i Norddal og Eidsdal. Vi har erfaring med å levere på Grendahuset i Norddal, og på omsorgsbustadane og på Røde Kors-huset i Eidsdal. Vi kan sjølvsagt òg levere heim til deg Ring oss for å høyre korleis vi kan løyse ditt behov. Prisar etter avtale, sjå elles fanen Prisar.