Oppleving_seter1

Vel møtt i Norddal!

Lengst inne i Storfjorden byr vi på gode møtefasilitetar i støyfri sone. Hjå oss får de vere åleine med dei viktige tankane og samtalane. De får vind i håret og ei naturoppleving på kjøpet når de ruslar langs Norddalselva dei 250 metrane frå frukostsalen til møterommet.

Høg fart eller låg puls?

Vi ønskjer at de skal konsentrere dykk om innhaldet og vedtak i møtet –vi tar hand om alt det andre. De har høve til å velje eit opphald med låg puls, høgt aktivitetsnivå eller fullt av opplevingar av kultur og natur i bygda, alt etter ønskje og budsjett. Ta ein kikk under fanen Opplevingar, eller ring oss for å høyre kva som kan passe for di gruppe.

 


Møterom og utstyr
For grupper på 20-35 personar har vi gode fasilitetar for deg som ønskjer å halde møte eller liknande. På Norddalstunet har vi møterom med dei fasilitetar du forventar å finne, prosjektor, white-board, fleire flip-overar, kopimaskin, Wi-Fi osb. Treng du anna utstyr, skaffar vi det om du seier frå før de kjem. Vi har ekstra grupperom. Ring oss, så finn vi ut korleis vi kan ta imot deg og gruppa di best mogleg.

Prisar

Eksempel på opphald i enkeltrom med full pensjon og møterom frå kr. 1820,- per døgn.

 

Sjå fleire priseksempel her. 

 

Vi tilpassar servering og fasilitetar til behova og ønska dine, så ring oss på 922 34 820 eller send epost til petrines@petrinesg.no for pristilbod for ditt møte.


Prosessarbeid

Prosess- og møteleiing

Om de skal gjennom ein krevjande prosess eller berre vil gjennomføre møtet eller liknande på ein annan måte enn de pleier, kan vi vere med dykk i planlegging og gjennomføring. Dagleg leiar på Petrines underviser i Prosessleiing ved Høgskulen i Volda og har dei siste ti åra vore prosjektleiar for utviklingsprosjekt i både lokalsamfunn og organisasjonar.

Kreative arbeidsmetodar eller ordstyring

Nokre gonger treng de kanskje berre ein som styrer ordet, slik at alle kan delta på lik linje i diskusjonen. Andre gonger ønskjer de eit gjennomgripande møtedesign for betre problemløysing og auka felles forståing for eit problemområde. Vi hjelper dykk å utforme opplegget slik at det får mest mogleg att for tida og ressursane dykkar.

 

«Takk for meget hyggelig opphold på Petrines Gjestgiveri. Dette var et perfekt sted for en samling på 10 personer. Vi opplevde god atmosfære, hyggelig og serviceinnstilt betjening, koselige og rene rom og fantastisk «kortreist» mat og drikke. Konferanserommet inneholdt alt av nødvendig utstyr og kaffe, kake og frukt ble jevnlig påfylt.

 

Vi vil absolutt anbefale Petrine Gjestgiveri.»

«Då vi planla samlinga var det god dialog med dykk, og vi fekk raske avklaringar på ting undervegs. Vi var ein krevjande kunde av di vi i utgangspunktet ikkje visste heilt kva vi ville ha, men programmet fekk utvikle seg over tid. Det var godt for oss, av di vi ville ha eit tilrettelagt, individuelt tilpassa opplegg. De hadde også godt nettverk med andre aktørar lokalt som gjorde at det vart ei stor oppleving å få ta del i utviklinga av produkt og tenester andre i bygda stod for.

 

Vi opplevde at det var godt å være på Petrines.»

 

«Å ankomme Petrines i Norddal var som å komme til eventyrland. Hele vestlandet samlet på et sted. Sentralt for alle opplevelser innen turisme, alle konferansefasiliteter man trenger, perfekt for sosiale samvær under konferansen. Borte var mas og jag, tilstede var nydelig lokal mat, unik betjening og tilgang til også separate møtefasiliteter.

Vårt sommerkonferanse inkluderte utrolige sightseeinger Petrines arrangerte for oss.
Det var en lykkelig konferansegjeng som ikke ville reise hjem igjen fra Petrines omgivelser og ansatte.

 

Anbefales med terningskast 6.»