Petrines Gjestgiveri ligg på sørsida av Norddalsfjorden, i bygda Norddal i enden av 91. Frå Ålesund tar det om lag 1,5 time å reise innover langs Storfjorden. Ta inn på 650 frå E39 ved Sjøholt til fergekaia på Linge. Fergeturen tar 12 minutt til Eidsdal. Frå fergekaia tar du til venstre på 91 og køyrer tre kilometer innover langs fjorden. Koordinater  62°15′6″N, 7°14′17″Ø.

 

Frå Romsdalen tar du om sommaren av E136, inn på 63 over Trollstigen til fergekaia på Linge, om lag 1 time og eit kvarter i køyretid i tillegg til utsiktstopp og ferge. Om vinteren må du følge E136 og E39 til Sjøholt.

 

Frå Lom kjem du om sommaren over Strynefjellet på 15, og tar av til 63 ved Langvatnet. Frå Langvatnet er det om lag ein time å køyre, og du kjem gjennom Geiranger og Eidsdal før Norddal. Ta til høgre når du kjem til fergekaia i Eidsdal.

 


Gjer vegen til ein del av målet!

Alle vegar som fører til Norddal er turen verdt åleine. Om du kjem over Strynefjellet og Geiranger, via Romsdalen og over Trollstigen eller langs Storfjorden frå Ålesund, har du fått ei oppleving på kjøpet før du kjem fram!

 

Ta deg god tid til å stoppe ofte, ta fram termosen og nyte frisk luft, fantastisk utsikt og at du snart er framme.

2015-10-09 11.51.42