Velkomen til Petrines Gjestgiveri
Lengst inne i Storfjorden har vi gode dagar vi gjerne deler med deg og dine, anten det er familie, vener eller kollegaer. Vi har rom og leilegheiter for overnatting, og hjelper deg viss du heller vil bu i enkle sel i Herdalen eller treng ei hytte.

 

Du finn oss i bygda Norddal vegg-i-vegg med Geirangerfjord Verdsarvområde, som innfallsport til Geiranger-Herdal landskapsvernområde, og eit litt langt steinkast unna Reinheimen nasjonalpark. Vi er omgitt av vakker og dramatisk natur i alle himmelretningar, og byr på mange slag opplevingar i kultur og natur.

 

Ein stad for verdifulle møte

For deg som treng ei stad for verdifull møtetid med kolleger, byr vi på gode møtefasilitetar i støyfri sone. Hjå oss får de vere åleine med dei viktige tankane og samtalane. Du får vind i håret og ei naturoppleving på kjøpet når du ruslar langs elva dei 240 metrane frå frukostsalen til møterommet.

 

Vi nyttar mest mogleg lokal og ureist mat i restauranten, og har kompetanse på å designe møter og seminar som gir deg og kollegaene mest mogleg igjen for tida de har sett av.

Opningstider 2016-2017

Vi har ope heile året for servering, overnatting og opplevingar! I perioden 11. sept. 2016 – 9. juni 2017 må du bestille på førehand, og vi tar først og fremst imot grupper over seks personar.  

I perioden 9. juni – 11. september 2017 har vi ope kvar dag for overnatting og serverar frukost, lunsj og middag.

 

 

Bestill overnatting her!